1932 reiste Hans tilbake til Amerika, han hadde med seg den nye rørsla og sto då i fronten for å stifte
Filadelfia. Dei bygde fyrt nokre murar på slutten av 1930 talet som vart ståande i mage år før dei til
slutt fekk bygd forsamlingshus oppå dei. Han var og den fyrste forstandaren i menigheta.
Filadelfia var bygd murane 1938,
1947 - 1991 Alf var og forstandar i ensemenigeta Filadelfia» i mange år.
Vidar Dalsbø forstandar i Filadelfia
Forsmalingslokale i Vestkappsalen på Stad Hotell
Etter et intervju med Alf Drage
Hans reiste til Amerika i 1925 ilag med Bernt Sjåstad, Peder I.Leikanger (Ingebrigtane), Mathias Anderson Leikanger (Grøneveita) og Mathias Rekdal. Dei reiste til Brooklyn som bygningsmenn i håp om å tene pengar. Der kom karane i kontakt med pinserørsla og alle 5 let seg døype. Hans var der borte i 7 år før han endeleg kom heim. Han var då drivkrafta for å starte opp møteverksomhet på Leikanger og pinserørsla på Leikanger var då eit faktum. Fyrste møtelokala hadde Hans i kjellaren sin. Her holdt pinsemenigheta til heilt til dei flytte inn i nytt lokale i 1975. Dette huset vart oppmura allereie i 1947, men med trong økonomi så gjekk det tungt ei tid. I 1950 begynte pinsevennane å gå i Bedehuset så det vart eit opphold i drifta, men etter 2 – 3 år kom der ein predikant som preika barnedåp og var nokså bastant i sine meiningar. Alf røyste seg opp og spurte predikanten om kvar det sto i bibelen ang. Barnedåp. Her vart mykje diskusjon og vegen skildast mellom pinsevennane og bedehusfolket. Det vart nokre tunge år.