Jula
Folk trur at juletreet har vi alltid hatt. Skikkar med å ha eit bartre med brennande lys ståande inne i stova, er i dag så fast knytt til julehelga at ei jul utan juletre er mest utenkjande for vår tids menneske. Likevel er skikken med juletre ein ny skikk som fyrst har vorte vanleg i det siste hundredeåret.
Vi veit ikkje når skikken kom til Norge, men kjelder fortel at skikken kom frå Tyskland til Danmark og så til Norge. Det var fyrst i byane, og i vesentlig grad embetsfolk og kjøpstad borgarar som tok den i bruk, deretter kom det utover bygdene, og igjen var det embetsfolk slik som kjøpmenn, prest og lensmann som benytta seg av den først. Etter ei tid vart den vanleg i alle heimar.
Sokneprest Wilhelm Frimann Koren (1801 – 1891) i Selje er truleg ein av dei fyrste embetsfolk på landet som tok etter den nye skikken med juletre. Det må ha vore rundt 1840, etter notatar frå sonen Ulrik å bedømme
I landet vårt ellers var det ingen ukjend og uvanleg skikk å ta inn i stova både einebar, blomster, tregreiner osv til høgtider som jul, påske, jonsok, bryllaup og begravelse.
Denne skikken var ikkje berre til pynt, men og for å bringe lukke og trivsel inn i det nye året med ynskje om fred for folk i tunet, bygda og dei underjordiske og huldra.
Ellers var det i mange heimar juleskikk å drage inn halm på stovegolvet julenatta. Der skulle folk sove. Midt i stova stod langbordet dekt med julemat. Der brann eit stort og tjukt kjerteljos, som skulle lyse heile natta. Stundom var lyset tregreina til vitnemål om treeininga.
Då juletreet kom til Stad var det mange som ikkje likte den nye skikken. Det fylgde med så mykje anna, julenissen avløyste tunvorden og raudkallen, og tradisjonen om julekort kom til.
Før jul var det alltid mykje arbeid som skulle gjerast. I Hoddevika var henta dei bakketvåge ut i sandmelen. Den brukte dei som skuretvåge, deretter tok dei med seg finsand heim, der dei strødde den utover tregolvet og skura deretter med vatn og bakketvåga, og reint vart det. Golvet skein etterpå. Deretter skulle sengane gjerast klare. Madrassa slik vi kjenner henne i dag, var ikkje vanleg. I staden brukte dei halm. Halmen måtte bytast nokre gonger i året, og når det leid like fram til julekvelden, var det noko alle såg fram til å få ny halm i senga si.
Ellers var skikken med å sette opp kornband fleire hundrede år gamal. Dei fleste i bygda hadde korn, og når kornet vart hausta, skulle ein alltid ha klart nokre kornband til jul.
Like etter århundrede skifte hadde fleire eit såkalla jeletre i huset. Det besto av ein staur/stokk som var nava hol i og likkje julafta gjekk husbonden opp i fjellet og reiv eine greiner som han smidde til å stakk inn i hola i stokken. Julafta om morgonen sto treet punta i sin finaste glans.
Julehelga tok til Julafta i middagstide. For morro vart det sagt at kunne ikkje kona skaffe ost og anna godmat frå fjøsen, måtte ho sitte på fjøstaket. Verre var det for husbonden. Fekk han ikkje tak i julefisk av rette slaget, torsk, kveite eller brøsme, måtte han sitje på nausat taket.
Trtadisjonen tru skulle husbonden på sjøen likkje julafta eller julafta for å ha fersk torsk til middag 1 jkuledag.

Juletradisjonar
Julafta før "hviska dei alltid vondla". I Ervik vart dette gjort årvist kvar julekveld så ikkje huldra skulle ta ei kyr i det kommande året. Det vart kalla ”å hviske vondla”. Dei la en neve høy i en fin bukett, deretter tok dei anna høystrå og batt rundt. Dette var vondla. Det skulle vere eit ekstra måltid julafta. Like opp til 2 verdenskrig brukte alle å gjere dette, etterkvart datt det bort men der var dei som også gjorde det lenge etter krigen og.
Julematen
Julematen var turka sauderev som vart dampa på orekvistar eller bjørkekvistar. Ellers var det baka julekaker slik som sirupsnittar, sandkaker, smultringar, sirupspikkelasi, peparneter, fattigmenn og kakemenn. Ellers besto julebaksen av snekaløfser med gombe på.
Juletre fest
Juletre festar kom ikjølvannet med dei nye skikkane. I Selje var det kappelan Emil Bischoff Riis som var kapellan i Selje frå 1878 til 1880 som for første gang bad inn folk til juletrefest.. Han holdt ei julesamling med program der det vart sunge, lese og spela.
Skulefesten På 1970/80 talet var det vanleg med mange juletrefestar, og folk gjekk på mest alle. 2 Juledag var det som oftast fast å holde juletrefest i Refsnes Skule. Treet var pynta og kaker og kaffi haurde også med. Var ein heldig kom også julenissa på besøk med ein sekk småpakkar som innholdt 1 mandarin, et par julekaker og litt twist til barna. Som regel var det både to og tre ringar rundt juletreet der både unge og gamle gjekk hand i hand og song av hjertens lyst. I tilleg til mat og juletregang var det og som regel et julespel om Jeusbarnet og Josef og Maria, spela av elevane på Refsnes Skule som hadde øvd på dette i skuletida igjennom heile Desember. Storskulen spelte i tillegg blokkfløyte og det var selfølgelig julesongar som Glade Jul, Her kjeme dine arme små, Å jul med din glede osv. Denne festen var det som regel Lærar og elevar på Refsne Skule som i helhet sto for. Maten vart ofte inntatt i benkane som var nokre gamle trebenkar med påmontert klaffe på ryggen som kunne slåast opp og akkurat plass til et lite fat og en kaffikopp hvis dei andre på benken framom sat i ro.
Frelsesarme festen
Like etter nyttår var det fast at Frelsesarmeen kom på besøk. Då var skulestova fullsatt på Refsnes både med bygdafolk og Leikongarar. Dette var sjølvsagt ein livleg fest, med Kaptein Ljåstad frå Måløy som sto på ein stol og song så det ljoma medan folket gjekk rundt Juletreet. Ellers var det vitnemål og mykje sang i frå dei andre i korpset.
Bedehus festen vart også avholdt tradisjonelt på 2 juledag. Dette var Indremisjonen på Leikanger sin fest. Her var det i tillegg til ei tale, som regel innvitert ei sang gruppe eller songarar. Dei som ofte deltok med song på desse festane var Olaf og Rolf Stave, innimellom Margit og Rolf Stave. Ellers var Mannsgruppa fra Ytre med, Shalom frå Stadlandet var og ofte med. Kaffi og kaker vart då servert på Bedehusloftet.

Bygdafesten i Ervik var som regel i romjula. Det var Fiskarkvinnene som avholdt denne. Til ligs med dei andre festane var det både Nisse og kaffi og Mat samt den obligatoriske juletre gangen.
Grendahus festen var alltid 4 juledag og var vel hovedfesten på Stadlandet. Her samlast både bygdafolk og folk frå bygdene rundt om. *Det var alltid stappfullt og praten gjekk livleg. Mang ein gong var det om å gjere å kunne referere til å ha vore med på flest mulig juletrefestar nå ein kom ut i Januar.